Ein ung mann som hadde som hadde sløst bort alle pengane sine, tok seg ein tur ut av byen. Det var midt på vinteren, men lunt i vêret, og snøen tinte så smått når sola var oppe. Då såg han ei einsleg sval som kom flygande. “Det er våren,” sa han, og skunda seg attande til byen, selde kappa si og åt og drakk opp pengane han fekk for ho.
Dagen etter var det isande kaldt, og mannen fraus så han skalv. “Eg skjønar det no,” sa han, “at ei svale gjer ingen sommar.”

Comments

comments