Ein husmann skulle til byen og selja ei kyr. På vegen trefte han lensmannen, som kom med ein tjuv. Lensmannen var lei tå tjuven, og spurde husmannen om dei ikkje skulle byta kyra og tjuven. Husmannen gjekk til på det. Han for heim med tjuven og lensmannen med kyra. Han tapte ikkje på bytet husmannen, totte han, det var ein gild kar til å få til husar noko tå kvart, den tjuven!
Lensmannen ville gjerne få greie på korleis det gjekk til hjå husmannnen. Han sette då mor si i ei stor kiste og gav henne mykje mat med seg. Med den kista strauk han då til husmannen, og spurde om kista kunne få stå i stova hans ei tid.
Jau, det skulle verta råd med det. Lensmannen fekk kista inn der og strauk heim att. Ei stund etter kom tjuven heim og vart var den store kista.
«Kven eig kista?» spurde han.
«Lensmannen eig henne,» svarte husmannen.
«Den lyt eg gløtta nedi,» sa tjuven.
«Det må du ikkje,» meinte mannen, for det var lensmannen si.
Men tjuven meinte det var ikkje rette skila med kista, han laut fulla sjå nedi. Han braut då opp kista, og fann gamle mor åt lensmannen, som sat og lydde på kva tjuven og husmannen hadde føre seg.
Tjuven slo gamla i hel, sette ei osteskorpe i munnen på henne og smelte loket att.
Ei tid etter kom lensmannen att og henta kista. På heimvegen spurde han alt i eitt:
«Høyrde du noko, mor? Høyrde du noko, mor?» Men gamla svarte inkje.
Då han kom heim og fekk loket opp, såg han mora daud med ei osteskorpe i munnen.
«Å stakkars mor,» sa han, «no har ho dauda tå tørste, for eg let henne ikkje få væte med.»
Han skulle no gjera ei stor sjaund etter mor si, men om natta føre sjaunda kom tjuven og tok liket med seg ned i ølkjellaren, stal alt ølet og sette lensmannsmora framfor øltunna med tappen i handa.
Då lensmannen såg dette, sa han:
«Ho mor var så tyrst at ho døydde tå det, no har ho teke seg øl sjølv.»
Men det vart no sjaund i lensmannsgarden utan øl, og mora kom åt jorda om dagen.
Om natta var tjuven ute att. Han grov lensmannsmora opp og for til lensmannsgarden med henne, stal all maten åt lensmannen or stabburet hans og sette mor hans med eit kjøtbein ho skulle gnaga på.
Lensmannen vart reint skremd då han såg at mora var attkomen or jorda. Han hadde henne til jorda den dagen og, men han var ikkje stø på ho kunne koma att. Derfor reiste han same kvelden til presten for å få han til å gravfesta mora. Han rei på den gamle øyken, og sette folen att heime.
Det var heller lang veg til presten, så dei kunne ikkje koma same kvelden. Om morgonen kom både presten og lensmannen, men tjuven hadde vore ute den natta og, grave henne opp att, sett henne på ungøyken, bunde henne fast og gjeve henne eit gammalt sverd i handa.
Lensmannen såg ungøyken og mora, og ville ha tak i henne. Ungøyken sprang imot han, og der såg han mora sat og hogde som ho skulle vera forsinna. Han vart monaleg redd då han såg mora i eit slikt send.
Men ho vart då jorda tredje gongen og, og presten gravfesta med det same. Seinare har ingen sett likt til henne meir.