1910
Seljord, Telemark
Informant: Anne Gunnleiksdotter
Samler: R. Berge

Det var ein gong ei mus som hadde ete så lite. Så kom ho til mann og kjering under stoguvegg.
«Eg hev ete så lite i dag!» sa musi. «Eg åt upp ei skjeppe med graut og ei kinne med saup. No et eg upp dekkån mann og kjering under stoguvegg!» sa ho, og så åt ho upp mann og kjering under stoguvegg.
Så møtte ho ein kar i ferdavegen.
«Eg hev ete så lite i dag!» sa musi. «Eg åt upp ei skjeppe med graut og ei kinne med saup og mann og kjering under stoguvegg. No et eg upp deg, mann gangande!» sa ho, og så åt ho upp mannen.
Så møtte ho ein ridar.
«Eg hev ete så lite i dag!» sa musi. «Eg åt upp ei skjeppe med graut og ei kinne med saup og mann og kjering under stoguvegg og mann gangande. No et eg upp deg au, ridar reikande!» sa ho, og så åt ho upp ridaren.
Så møtte ho ei brurferd.
«Eg hev ete så lite i dag!» sa musi. «Eg åt upp ei skjeppe med graut og ei kinne med saup og mann og kjering under stoguvegg og mann gangande og ridar reikande. No et eg upp deg, brurferd briskande!» sa ho, og så åt ho upp brurferdi.

Så møtte ho reven.
«Eg hev ete så lite i dag!» sa musi. «Eg åt upp ei skjeppe med graut og ei kinne med saup og mann og kjering under stoguvegg og mann gangande og ridar reikande og brurferd briskande. No et eg upp deg, rev diltande!» sa ho, og så åt ho upp reven.
Så møtte ho skrubben.
«Eg hev ete så lite i dag!» sa musi. «Eg åt upp ei skjeppe med graut og ei kinne med saup og mann og kjering under stoguvegg og mann gangande, og ridar reikande og brurferd briskande og rev diltande. No et eg upp deg, skrubb skryltande!» sa ho, og så åt ho upp skrubben.
Så møtte ho bjørnen.
«Eg hev ete så lite i dag!» sa musi. «Eg åt upp ei skjeppe med graut og ei kinne med saup og mann og kjering under stoguvegg og mann gangande og ridar reikande og brurferd briskande og rev diltande og skrubb skryltande. No et eg upp deg, bjørn lufsande!» sa ho, og så åt ho upp bjørnen.
Så møtte ho jasen.
«Eg hev ete så lite i dag!» sa musi. «Eg åt upp ei skjeppe med graut og ei kinne med saup og mann og kjering under stoguvegg og mann gangande og ridar reikande og brurferd briskande og rev diltande og skrubb skryltande og bjørn lufsande. No et eg upp deg, jase hoppande!» sa ho, og så åt ho upp jasen.
Så møtte ho bøkåren.
«Eg hev ete så lite i dag!» sa musi. «Eg åt upp ei skjeppe med graut og ei kinne med saup og mann og kjering under stoguvegg og mann gangande og ridar reikande og brurferd briskande og rev diltande og skrubb skryltande og bjørn lufsande og jasa hoppande. No et eg upp deg, bøkår rennande!» sa musi.
«Ja, kom du!» sa bøkåren, og så rende han til ho så ho sprakk, og ut kom ei skjeppe med graut og ei kinne med saup og mann og kjering under stoguvegg og mann gangande og ridar reikande og brurferd briskande og rev diltande og skrubb skryltande og bjørn lufsande og jase hoppande, og så rende bøkåren etter.

Comments

comments