Min onkel må se Derrick, etter en lang dag arbeid er det jo ingenting som å se en retrokrim for en 70 – åring som har vært ute på jordene eller sittet i en gravemaskin en hel dag. Denne monologen transkriberte jeg i 2013 – her kommer den igjen.
Hun:
Overalt og til stadigheit høyrer eg:
Hovudsaka er å ha det moro.
Det er det viktigaste av alt.
Den som ikkje har det,
er ein stakkar ein må synast synd på.
Og alle seier:
Syt for at du får det moro!
Det trudde eg på.
Slik dei fleste trur den er lykkelegast
som har mest moro.
Eg hadde det moro, eg òg.
Sist hadde eg det med han.
Vi hadde ei fin tid
der ingenting var viktig,-
bortsett frå å ha det moro.
Til noko skjedde – brått.
Han hadde ikkje tid til meg lenger.
Noko hadde skjedd,
som ville endre livet hans fullstendig.
Og brått stemde det ikkje lenger,
det som var viktig:
At ein skulle ha det moro.
Eg ville ha den mannen, berre han.
Ingen annan.
Eg ville ha berre han.
Og eg ville ikkje miste han.
Ingen skulle få ta han frå meg.
(lang pause)
Overalt låg det nøklar til leilegheita.
Det var mange som hadde ein.
Eg tok din.
Eg låste opp døra til leilegheita hennar.
Ho var inne på soverommet.
Ho sa:
”Ville du ikkje vente nede?
Men kom hit. Eg ligg i senga enno.”
Då gjekk eg inn på soverommet.
Eg sa: ”Berre bli liggjande.”
Eg tok puta.
Trykte henne mot ansiktet hennar.
Heilt til det var stille.
Då visste eg det.
No er moroa slutt.
For alltid.
Forbi.

Comments

comments