1923-29
Våler, Hedmark
Samler: H. Skirbekk

Det var ein gong ei kjerring som var så lei at ho støtt sa og gjorde stikk imot det mannen sa. Sa han: «I morgon skal vi opp tidleg,» så sov kjerringa 3 døgn utan å vakne. Bad han henne gå og legge seg, tok ho til å synge og danse. Var mannen svolten og bad henne steike pannekake, nei da ville ho ikkje. Men var’n mett, da steikte ho pannekake og stappa i han. Ho var så vrien og vrang at det nytta ikkje å tale til henne.
Mannen vart sint til slutt og ville tukte henne. Så sa han: «Du får ikkje gå til brønnen etter vatn.» «Eg skal vise deg at eg kan hente vatn lell,» sa ho og gjekk. Mannen følgde etter. «Bøyg deg ikkje over brønnen, du kunne dette nedi,» sa han. «Hoffer skulle ikkje eg bøygje meg?» sa kjerringa. Ho bøygde seg så langt at ho for på hovudet nedi.
Da gjekk mannen heim og tok til å stelle aleine. Detta gjekk ein dag, og det gjekk to. Men tredje dagen syntes han det vart kjedt. Før var det trette og slagsmål i huset, men no var det så roleg.

Så gjekk han til brønnen og kasta eit taug ned. «Vil ho halde i, skal eg dra opp,» tenkte han. Litt etter kjende han det tok i tauget, og han til å dra. Men da heile tauget var oppe, vart han reint redd for på det hekk ein liten, svart djevel. Mannen ville sleppe han nedi att, men djevelen gret og bad: «Gjer med meg kva du vil, men slepp meg ikkje dit ned att. Sidan kjerringa di kom ned til oss er det slutt på freden. Ho slår den eine og denger den andre og jagar ut den tredje. Eg skal tene deg så godt eg kan, berre eg kan få sleppe frå kjerringa di.»
«Korleis vil du tene meg?» spurde mannen. «Du kan vere klok mann og sjå til sjuke folk. Så snart du kjem, forsvinn eg, og du får pengar og ære på kjøpet.»
Smådjevelen besette folk, og mannen gjorde dei friske og vart ein rik mann.
Ein gong sa djevelen til mannen: «No vil eg gjere kongsdottera sjuk, men denne gongen skal du ikkje blande deg opp i det. Elles blir du halshoggen.» Kongsdottera vart sjuk, og tenarane gjekk for å hente lækjaren. Da dei høyrde om den kloke mannen, gjekk dei dit og bad han kome. «Nei,» sa mannen, «eg kan ikkje gjere noko, for mot denna sjukdomen fins det inga råd.» Tenarane vende attende til kongen og fortalde dette. Da vart kongen sint og sa: «Hent han hit med ein gong! Vil han ikkje, skal eg hogge hovudet av han.» Tenarane gjekk: «Du lyt kome anten du vil eller ikkje. Elles går det gale med deg.» «Vel,» sa han, «eg skal gå – på eit vilkår: De skal samle alle folk som fins i byen, og når eg er på romet til kongsdottera, skal de slå i panner, banke i bøtter og skyte med børser og rope så høgt de kan: «Den leie kjerringa er komen opp tur brønnen! Den leie kjerringa er komen opp tur brønnen!»»
Så kom mannen til kongsdottera. Smådjevelen såg han, og vart gnistrande sint: «Er det slik du held avtalen vår! Eg vik ikkje, så no misser du hovudet!»
Da opna mannen glaset, og djevelen høyrde eit forfælande leven. Dei slo i panner, skaut og skreik: «Den leie kjerringa er komen opp tur brønnen!» – «Kjerringa di! Er ikkje ho i brønnen?» spurde djevelen. «Nei, ho er komen opp for å sjå etter deg,» svara mannen. Men da vart djevelen reint vettskremt. «Er ho her, må eg vere der,» sa han. Han for avstad til brønnen, hoppa nedi – og borte var han.