År:
1916
Sted:
Salten, Nordland
En mand hadde faat hjem julebrændevinet sit, og hadde sat det ind paa et indelukket rum han hadde nede i sjøskjaaen sin. Han hadde med flere sittet hjemme og drukket, og saa var de blit
læns. Han gik saa ned i skjaaen og skulde hente mer. Mens han sat der og tappet, fik han i den aapne dør se et væsen sitte paa dørstokken ut mot natten og himlen. Det var drogjen, han bad om brændevin. Først fik han en øse; men han vilde ha mer og negtet at flytte sig. Da hev manden øsen i hodet paa ham. Drogjen op og paa dør med den vanlige kaldflir. Manden skyndte sig op fra nøstet og hjem.
Straks han kom ut hørte han det raslet og skraslet omkring ham. -Det blev værre og værre jo længer han kom, og tilslut knaket og knatt det paa ymse kant av alle draugene som forfulgte ham. Paa veien kom han forbi kirkegaarden. Da han kom dit, kastet han sig over kirkegaardsmuren, idet han ropte: «E her nokken kristen sjæla saa maa di no hjælp me!» Og med det samme sank han i uvit. Da han vaaknet op igjen, frembød kirkegaarden tydelige spor av at der hadde staat et slag, tarelægger og daumandsbein laa spredt omkring allevegne. Men det var tydelig at daumændene hadde vundet.
Sted:
Lofoten, Nordland
Samler:
Dagmar Blix
Dauengan på Røst.
Det var berre kjerka og kjerkegårn som låg på øya Glea på nordvestsia på Røst før i tia. Kjerkegårn låg på ei sandmo attmed sjøen, for der var ikkje djup nok jord andre stader. Ein dag utpå hausten kom det ein stor sildstim inn i vågen tett attmed kjerka. Men det var kveld, og folk samsnakka om at dei skulle ikkje fare og fiske sild før dagen etter. Det va nokså nifst der i mørkra. Men kallen og kjerringa på Hammaren ville no likevel lure seg avstad og hente seg ein god fangst. Dei tok to stakkar som dei batt for den eine enden på, og håva opp til dei var fulle. Så tok dei heimvegen langs fjæra neafor kjerkegårn. Då hørte dei fæle ul frå havet og såg ein flokk draugar som kom etter dei. Då sprang dei inn på kjerkegårn og ropa: «Opp alle kristne til kamp imot draugen». Dauengan kom opp av gravene sine med bordendar i hendene. Kallen og kjerringa hadde nok med å kome seg unna, og sildposane måtte dei hive frå seg.
Men dauengan hoppa over kjerkegårdsgjerdet og draugane kom opp frå havet, og det vart ein fæl strid der nedpå bakken. Det var dauengan som vann, og draugan vart kasta på havet.
Då det vart lyst, kom folk og skulle fiske sild, men der fekk dei sjå eit uhyggeleg syn. Der låg likkistefjøler og tareleggar spreidd vidt utover heilt ned til flomålet. Men silda var bortkomen og vart borte det året.