Samler: R. Mo
Det var ein gong ei fattig enkje; ho hadde ein son som heitte Johannes. Den tid Johannes var såpass komen i veg han kunne gjera rett for seg, såg han det ikkje likt å gje seg av heime lenger. Han ville ut og høyra seg om etter teneste. Dette ville ikkje mora avstyra han i, for alt det ho kava for levemåten, ville det ikkje henga i hop. Ho styrte då i stand glunten sin, også for han i veg.
Då han hadde reist ei tid, kom han til ein kyrkjegard. Der fekk han sjå nokre karar som heldt på og banka ein dauing. Dette såg noko nifst ut, syntes Johannes. Han gjekk ditetter og spurde karane kva slikt skulle vera for.
«Jau,» svara dei, «han vi dengjer lånte pengar av oss, og desse skaffa han ikkje tilbake innan han døydde.»
Og difor hemnde dei seg på han.
Johannes ville då vita kor pass mykje pengar dei hadde lånt ut. Ja, karane sa han det.
Og nå gjorde Johannes ei avtale med dei. Var så dei fekk så mykje pengar som dei hadde lånt ut, lova dei å la dauingen vera og leggja han baker i grava. Og kor nå dette meir var, Johannes hadde just så mykje pengar han vann løysa ut daudingen, og med det la karane han i grava att. Her skildest Johannes med dei og gav seg i ganginga.
Leid om noko, kom han til ein skog. Der kom det ein ropande etter han. Han ville vita om Johannes trong seg ein følgjesmann.
«Å, eg går nå alltid åleine,» sa Johannes, «men har du mot å gje deg i lag med, så gjerne det.» Så hala denne følgjesveinen seg framåt, og han og Johannes vart gåande i lag.
Eit stykke inni skogen kom det ei kjerring til møtes med dei. Ho bar eit risknippe under armen, og alt med dei stussa på og snakka med denne kjerringa, tok ho tre riskvistar or knippet sitt og gav Johannes. Dermed for ho. Og Johannes og følgjesveinen heldt ferda fram innetter skogen.
Langt om lenge kom dei til eit herberge. Følgjesveinen banka på døra og det kom ei kjerring og let opp til dei, ho rettleidde dei inn og sette fram stolar og bad dei setja seg.
«Sit sjølv,» sa følgjesveinen.
Og kjerringa så gjorde. Men ho var ikkje før på stolen komen, før ho visna så av ho var ikkje herre for å reisa seg.
Nå tok følgjesveinen til å renna kringom i romet. Han fingra frami alt han kom over. Attom døra fann han eit trådnyste, dette stakk han til seg. Den tid kjerringa fekk sjå det, bad ho følgjesveinen så pent om å leggja nystet baker.
«Det er tresøsken-nystet,» sa kjerringa, «og det kan eg på ingen måte skilja meg av med,» sa ho.
Ho lova han skulle få til gjevande kva han peika på inne der, berre ho fekk att nystet sitt. Men følgjesveinen var ikkje meint å gje nystet frå seg. Dette skjøna til slutt kjerringa og. Men då fekk ho det på ein annan måte; ho skapte seg gloarg og truga med både det eine og det andre. Men nystet fekk ho ikkje. Følgjesveinen gjekk nå derifrå, og Johannes hala seg etter. Og kjerringa vann ingen ting formeina dei, ho kom seg ikkje av flekken.
Det bar nå i gåinga att med dei. Lenger inni skogen kom dei til eit herberge att. Følgjesveinen gjekk til døra og banka på. Det kom ei kjerring ut og bad dei med seg inn. Dei laut nå sjå til å sitja, sa ho og sette til dei stolar.
«Sit sjølv,» svara følgjesveinen.
Og det gjorde kjerringa, men det gjekk med henne som med kjerringa i det fyrste herberget dei var i; just som ho sette seg, visna ho så av i føtene ho vann seg ikkje av stolen.
Nå gav følgjesveinen seg til å romstera i romet; han maska fram alt han såg. På veggen attom døra hang det ein hatt, den tok han. Men den tid kjerringa fekk sjå det, vart ho så reint utav seg med eitt, ho kjærbad han om å hengja hatten baker.
«Det er tresøsken-hatten,» sa ho, «og den kan eg på ingen måte skilja meg av med.
Men ville han nå gje frå seg hatten, skulle han få til gjevandes kva han så peika på inne der. Men følgjesveinen var nok ikkje meint å skilja seg med hatten. Dette tok kjerringa og smått til å skjøna; men då var det slutt med godsnakkinga med henne. Ho drog seg slikt sinne til, så ho styrde ikkje orda sine på nokon måte. Alt med ho sat der og skjentes, gjekk følgjesveinen og Johannes sin veg. Men kjerringa, veit du, vart der sitjande, for ho vann ikkje bera sin eigen kropp.
Dei reiste nå lenger, og då det leid om noko, kom dei til ennå eit herberge. Følgjesveinen meinte då det var rettast dei gjorde seg eit svissan innom der og. Ja, han gjekk til døra og banka på. Det kom ei kjerring ut og tok imot dei. Og den tid ho sette stolar fram og bad dei setja seg, sa følgjesveinen: «Sit sjølv!»
Ho så gjorde, men sameleis gjekk det henne, ho visna så av der på stolen ho vann ikkje setja fot for seg. Og følgjesveinen til å snu og venda på alt som i romet var. Attom døra hang eit gamalt sverd, og det tok han. Nei, dette laut han vera snill og hengja frå seg, sa kjerringa.
«Det er tresøsken-sverdet,» sa ho, «og det kan eg på ingen måte skilja meg av med,» sa kjerringa. Men ville han nå hengja baker sverdet, skulle han få til gjevandes kva han peika på inne der, lova ho.
Men det nytta ikkje alt det ho lokka og bad, sverdet fekk ho ikkje. Då kjerringa skjøna det, tok sinnet henne, og ho gav følgjesveinen slik herving det var ikkje måte på. Med det gjekk dei frå kjerringa, følgjesveinen og Johannes:
Det bar nå i gåinga att innetter skogen. Langt om lenge kom dei til ei elv. Denne laut dei over, men der var fritt for bru, og elva var både stri og djup, så det nytta ikkje å vada.
«Ta fram tresøsken-nystet!» sa følgjesveinen til Johannes, for det var han som bar det.
Følgjesveinen bad nå Johannes kasta nystet over elva, men han måtte halda i tråenden, så det raktest av. Ja, dette gjorde Johannes, men så mykje nystet var kome i marka på andre sida spratt det baker dit dei stod. Johannes kasta ein til gong, og nystet spratt tilbaker, og slik heldt Johannes det gåande til all tråden var rakt av. Då hadde det laga seg jussom ei bru av tråden, og på den kom dei seg over elva.
Så mykje dei var overkomne, bad følgjesveinen Johannes skunda seg å nysta opp att tråden. Johannes til å tulla på. Men just som siste enden gjekk i vatnet på andre sida, kom det ei trollkjerring rennande fram på jarfall. Ho var ute etter nystet, og då ho fekk sjå trådenden fara skjemlande frå land, sette ho etter. Men straumen vart for stri for henne, så ho gjekk klar i elva.
Johannes og følgjesveinen reiste nå lenger, og då det leid om noko, kom dei til ein kongsgard. Dei gjekk ditetter og vart der så vel mottatt dei gav seg av der. Nå hadde kongen ei dotter, og henne fekk dei snart kjenning på. Johannes fekk slik godhug for denne prinsessa, så han for tjuva seg til og glytta etter henne så jamt han såg seg snitt til det. Prinsessa merka seg dette og heldt Johannes så passeleg oppi. Og Johannes skjøna det slik: her var det berre han mota seg opp og fridde.
Ein dag det var gjestebod i kongsgarden, og både kongen og gjester var i godhøvan, nytte Johannes løyan og fridde. Det gjekk som han best hadde venta det, han fekk ja. Men først ville prinsessa prøva han i noko, sa ho, og greidde han det, skulle det vera plent visst mellom dei. Det bar nå til bords med alt folket, og alt med dei sat der, fekk Johannes ei saks av prinsessa. Denne skulle han gøyma for henne, sa ho, men ho ville saksa skulle baker ved bordet neste dag. Det var første prøva. Då dei var komne frå bordet, gav prinsessa seg til å herska med Johannes. Han var glad og godtruen og ansa seg ikkje, så prinsessa fekk juksa saksa av han.
Den tid Johannes kom baker på romet der han budde, sat følgjesveinen og venta på han.
«Du har vel saksa du fekk av prinsessa?» spurde følgjesveinen.
Jau, Johannes hadde då den, sa han, og treiv i lomma. Men der var ho ikkje, og han til å leita, han ranga alle sine lommer, men inga saks fann han, kan du vita. Då fortalde følgjesveinen kor det hadde bore til med saksa, og Johannes vart reint utav det. Men følgjesveinen roa han, tok så tresøsken-hatten, sverdet og ein av riskvistane som Johannes hadde fått av kjerringa i skogen, og gjekk til stallen. Der hadde prinsessa ein bukk ståande. Så tok han og reidde av bukken mellom horna med sverdet.
«Når rir prinsessa til kjærasten sin i natt?» spurde følgjesveinen.
«Klokka tolv,» brækte bukken.
Så kledde følgjesveinen på seg tresøsken-hatten og stelte seg attom stalldøra og venta på prinsessa. Ja, denne tresøsken-hatten var slik den, når ein fekk den på seg, vart ein usynleg.
Ei tid var gått, kom prinsessa. Ho bar med seg ei krukke, og i den krukka var det ein salve som ho smurde bukken mellom horna med.
«Til vers, til vers over land over dal til min kjæraste som ventar meg i natt,» sa ho til bukken.
Dermed svinga ho seg på bukkeryggen. Men med det same var følgjesveinen og framme, han vann just slengja seg på med det same bukken for ut gjennom stalldøra.
Då dei nå var komne utom porten til kongsgarden, tok fylgjesveinen fram riskvisten og tok til å daska av prinsessa. Slik heldt han på heilt til prinsessa stogga bukken framfor eit stort fjell. Der gjekk ho av og banka på fjellet, og ut kom ein rise og let opp til henne. Følgjesveinen lura seg inn i lag med, for han var usynleg han, veit du.
«Nå har eg fått meg ein kjærast att,» sa prinsessa til risen. «Men eg vil nå ingen annan ha enn deg,» la ho til. Og så fortalde ho om Johannes og om saksa ho hadde gjeve han, og korleis ho hadde bore seg åt og juksa den av han att. Men nå visste ho seg inga råd med å gøyma saksa, slik ho kjende seg trygg for den, sa ho. Det vart då til det risen skulle gøyma saksa i ei kiste han hadde ståande der. Men med det same risen skulle leggja saksa nedi, var følgjesveinen der og krasa den til seg.
Om morgonen gav han Johannes saksa. Glad vart han og gjekk og skulle møta prinsessa. Det kan vel vera prinsessa vart forferd då Johannes la saksa framfor henne ved bordet. Men ho let seg ikkje merka med noko. Den dagen gav ho Johannes eit trådnyste. Dette laut han nå sjå til å gøyma for henne sa ho. Men ho ville ha det att ved bordet neste dag, sa ho. Det gjekk som dagen før: Då dei var frå bordet komne, gav prinsessa seg til å herska med Johannes til dess ho hadde fått av han nystet, men då gjekk ho sin veg.
Johannes gjekk då til rommet sitt, og der sat følgjesveinen og venta. «Du har vel nystet du fekk av prinsessa?» spurde han.
Johannes hadde då det, let han og tok i lomma, men alt det han leita og grov, var han ikkje mann til å finna det. Då fortalde følgjesveinen kor det høvde til med nystet, og så tok han tresøskenhatten, sverdet og to av riskvistane, som Johannes fekk av kjerringa i skogen, og gav seg til stallen, der prinsessa hadde bukken ståande. Følgjesveinen tok og smurde av bukken mellom horna med sverdet.
«Når rir prinsessa til kjærasten sin i natt? » spurde han.
«Klokka tolv,» sa bukken.
Kledde så følgjesveinen på seg tresøskenhatten og stelte seg attom stalldøra. Og då det leid om litt, kom prinsessa. Ho bar med seg ei krukke med salve i, og den tok ho og smurde mellom horna på bukken.
«Til vers, til vers over land over dal til min kjæraste som ventar meg i natt!» sa ho og svinga seg på bukkeryggen. Men med det same bukken skvatt ut gjennom stalldøra, var fylgjesveinen der og sette seg bakpå. Som dei nå vel var utom porten komne, drog følgjesveinen fram riskvistane og trøska laus på prinsessa. Slik heldt han det gåande til dei stogga framfor eit stort fjell. Prinsessa steig av og banka på, og ut kom risen dei sist hadde vore hos. Prinsessa tok til å klaga seg for kva uver ho hadde hatt på turen ditetter, det var slik hagldrev det var sistpå ho vann stå imot, sa ho.
«Men kvar er saksa du skulle ta vare på?» spurde ho risen. Han kjende seg trygg for saksa og for til kista.
«Nei, vør ikkje gå,» sa prinsessa, og så fortalde ho det ho visste om saksa. Men dette ville ikkje risen tru, han gjekk til kista og rota opp der før han gav seg. Så kom prinsessa fram med nystet ho juksa av Johannes. Men kvar skulle dei nå gjera av det, ville ho vita. Nå leit ikkje risen meir på seg. Men så kom dei på det var tryggast å kasta nystet på varmen. Just med det same risen dreiv nystet i gruva, snappa følgjesveienen det.
Dagen etter, då folket sat kringom bordet i kongsgarden, krov prinsessa Johannes etter nystet. Ja, du veit han hadde fått att det hos følgjesveinen, og tok nå trilla det bort til prinsessa. Ho vart forferd då ho fekk sjå att nystet sitt, men ho let seg ikkje merka med noko. Og nå skulle Johannes få ennå noko å prøva seg på, og greidde han det, var ho hans. Det lova prinsessa så alle ved høyrde det. Så sa prinsessa:
«Når vi sit ved bordet i morgon, skal du seia meg kva eg tenkjer på.» Det var den tredje og siste prøva.
Då Johannes kom på rommet sitt den dagen, var han ikkje mykje høg på vatnet, kan du vita, han fortalde følgjesveinen kva prinsessa nå hadde sett han til. Følgjesveinen trøysta Johannes, og sa det skulle verta ein utveg denne gongen og. Tok så han tresøskenhatten, sverdet og dei tre riskvistane som Johannes fekk av kjerringa og for til stallen. Og her bar det til att å dengja bukken med sverdet.
«Når rir prinsessa til kjærasten sin i natt?» spurde følgjesveinen. Men det knast ikkje i bukken til svar. Då trøska følgjesveinen laus att med sverdet, til bukken sistpå sto berre og raida.
«Når rid prinsessa til kjærasten sin i natt?» ropa han oppatt.
«Klokka eitt,» brækta bukken.
Den tid følgjesveinen fekk vita det, kledde han på seg tresøskenhatten og kraup attom døra og venta på prinsessa. Ja, då det leid på, kom ho. Det bar til att å smørja bukken med salve, og så sa ho:
«Til vers, til vers over land over dal til min kjæraste som ventar meg i natt!»
Dernest hivde ho seg på bukkeryggen, og bukken ut gjennom døra, men med det same var følgjesveinen framme og sette seg opp han og.
Dei var ikkje før komne ut porten til kongsgarden før følgjesveinen tok til å smeisa av prinsessa, og denne gongen slo han hardt til grogen for han brukte alle tre kvistane. Han reidde henne slik av at blodet rann nedetter kjakene. Dei kom nå til eit fjell, og så gjekk prinsessa av, og risen kom og tok imot henne. Og prinsessa til å klaga seg for kva ver ho hadde vore ute i, ho kjende ikkje anna enn ho skulle gå klar, sa ho, og synte risen dei blodete kjakane sine. Risen han smått trøysta henne og lova han skulle følgja henne på veg heim.
«Enn glunten som hadde fått att nystet,» sa prinsessa. «Kan du skjøna deg på slikt?» sa ho med risen. Då sa risen som sant var: Det stod nå stilt i skallen på han, han skjøna ikkje kor dette var tilgått. Prinsessa fortalde om den nye prøva ho hadde sett Johannes og ho bad risen hjelpa seg å finna ut kva ho skulle tenkja på ved bordet dagen etter. Då risen hadde grunna på dette ei økt, sa han:
«Tenk på hovudet mitt du.»
Dette var godt påkome, syntes prinsessa, og så var dei ferdige med det. Dei sette seg nå til bords og åt og drakk og flidde seg vel til dei skulle fara. Sidan leidde risen fram ein bukk. Så med det same dei tok laust, kom følgjesveinen seg på bukken til prinsessa.
Den tid dei var komne til porten utom kongsgarden, stogga dei på. Risen gav seg ikkje om å følgja lenger, sa han, og så tok han farvel med prinsessa. Men alt med han sat der og såg etter henne, sprang følgjesveinen fram, hogg til risen med tresøskensverdet så hovudet sletrast bortetter marka. Så tok følgjesveinen risehovudet og tulla det inn i eit plagg og tok det med til kongsgarden.
Om morgonen, den tid Johannes skulle ned og møta prinsessa, kom følgjesveinen stillande med risehovudet og sa som så:
Dette kunne berre Johannes gje til prinsessa når han skulle fortelja kva ho tenkte på. Dei andre gjestane gjekk nå berre gjetta på kor det munn gå med Johannes den dagen. Alle var motes viss på han vart ståande i beit. Då så alle hadde funne plassane sine ved bordet, vende prinsessa seg mot Johannes og spurde:
«Kva tenkjer eg på no?»
Då var det Johannes kom halande opp med plagget som risehovudet låg inntulla i, skunsa det så bort til prinsessa. Den tid ho fekk sjå kva som låg inni, bleikna ho av med eitt, og vart seg så ulik, så dei trong ikkje eingong spørja om Johannes hadde råka det rette. Nå nytta det ikkje lenger for henne å kroka seg unna, ho laut gå med på å gifta seg med Johannes, og dei tok til å setja i stand til bryllaupet.
Så ein dag straks føre tok følgjesveinen Johannes til side og fortalde han kor det høvde til med prinsessa. Risen hadde fortrolla henne, «og først ho kjem seg til med det, kjæler ho av deg,» sa han med Johannes. Og så bad følgjesveinen Johannes sjå seg vel føre. Særleg var om seg laut han vera bryllaupsnatta. Til dess laut Johannes få innsett to kar på rommet der dei skulle liggja. I det eine karet skulle vera søt mjølk, i det andre sur. Dertil skulle Johannes minnast å ha hos seg dei tre riskvistane han fekk av kjerringa i skogen.
«Prinsessa vil stikka borti deg med nåler, når de har lege ei stund, for å sjå om du søv.»
Men då laut Johannes justsom vera snar av seg og kasta prinsessa i karet med den søte. Så ta henne opp og slå henne med riskvistane. Deretter i det andre karet med henne, og så ein ny omgang med ris. Dette laut han ta oppatt tre gonger. Men nå skulle trolldommen ha forlate prinsessa, meinte følgjesveinen.
Som dei vel var komne seg i seng bryllaupskvelden, Johannes og prinsessa, la han seg til og låtst sova. Ja, det gjekk som følgjesveinen hadde sagt, prinsessa pirka borti armen til Johannes med ein nålsodd. Men då var det han som var snar å få prinsessa i karet. Og så gjorde han som han var tilsagd av følgjesveinen. På den måten berga Johannes livet sitt og tillike fria han prinsessa or trolldommen.
Då bryllaupet var vel avstyrt, kom følgjesveinen til Johannes ein dag og sa seg til å vilja fara. Johannes prøvde først å avtelja den andre i dette. Men då ikkje det nytta, baud Johannes seg til å betala følgjesveinen for all den hjelp han hadde gjeve. Men slikt snakk ville han ikkje høyra, følgjesveinen. Då var det Johannes som gjorde seg hard, og sa den andre slapp ikkje or huset før han fekk greidd med han.
«Ja, vil du gje meg det prinsessa ber under beltet?» sa då følgjesveinen.
Johannes tenkte seg ikkje betre i det, han lova følgjesveinen det prinsessa bar under beltet.
«Eg kjem baker om eit års tid og hentar det,» sa følgjesveinen. Og med det for han.
Då året var omme, hadde prinsessa fått ein son. Og dei var nå så hove og gilde for denne vesle glunten både Johannes og prinsessa.
Så ein dag kom følgjesveinen. Johannes hadde reint gløymt av han. Men nå rann det Johannes i tanken kva han hadde lova, og han skjøna at følgjesveinen var komen å henta barnet deira. Følgjesveinen merka kor lite velkomen han var, og skunda seg å seia det var ikkje for å føra sorg over nokon han var ditkomen. Barnet skulle dei få ha, sa han. Sidan fortalde følgjesveinen at han var den daudingen som vart piska på kyrkjegarden. Og nå takka han Johannes som hadde løyst han or skulda slik han fekk fred i si grav. «Det var så stor ei gjerning det var meir enn nok løn for det eg gjorde for deg,» sa følgjesveinen. Då han hadde sagt dette, vart dei skilt med han.