Venninner gråt over min skjebne og min bestemor spurte om hvorfor jeg ikke hadde gjennomført abort.
I Tyrkia har den seksuelle lavalderen blitt opphevet eller forskjøvet nedover. Hvorfor, er meg ukjent. Det finnes umulig noen god begrunnelse for hvorfor barn ned i tolvårsalderen ikke skal beskyttes mot de voksnes intime verden. Det er vel ikke tenkt at de skal bære fram barn i så lav alder???
Folkeeventyret nedenfor berører begge temaer; folkeeventyret framstår som en representasjon for en kultur som en gang fantes her i landet også.
Lita Kirsten som vann kongsson av Engeland
AT 870A
År: 1879
Sted: Bø, Telemark
Informant: Gonil Vøln
Samler: H. H. Nordbø
Det var ei lita jente som kom til ein kongsgard og skulle gjeta. Jenta var så reint fattig at ho åtte ikkje anna verk i stakken sin enn kråkefjører. Og derfor så kalla dei stakken hennar kråkestakken. Ein dag ville prinsen bort og fri, og så kom han til å fara forbi lita Kirsten som sat på ei tuve og pynta stakken sin med kråkefjører som ho hadde funne.
«Kva bestiller du her på denne tuva da?» spurde prinsen.
«Å, eg set ei bot på mitt bak, for eg aktar meg til å vinna kongsson av Engeland,» svara lita Kirsten nokså kjekt.
«Du tarv ikkje snakka om slikt,» sa prinsen og reiste sin veg.
Langt om lenge kom prinsen fram til ei jente og ville fri. Men den jenta hadde ein horeunge, men det visste nå ikkje prinsen. Ein dag kom prinsen heim med kjærasten. Og han var da så splittrande glad som ein fugl om våren, for han trudde at han hadde fått seg slik svært bra kjæraste.
Om kvelden kom lita Kirsten og heim. Ho fortalde da det til kjærasten at prinsen hadde i senga si ein stein, som om natta kunne fortelja om den jenta som han låg med var møy eller ikkje. Da kjærasten høyrde dette, så blei ho så reint forfæld at ho ga lita Kirsten ein messingstakk for at ho skulle liggja med prinsen ei natt i hennar stad. Om kvelden la prinsen seg. Og straks kom Kirsten og og la seg ved sida hans som ho skulle vera kjærasten. Så spurde prinsen om den han låg med var møy.
«Så fri og rein som det klåraste vatn,» svara steinen i senga.
Da prinsen høyrde dette, så tok han ei gullenke og festa omkring halsen på Kirsten. For han visste ikkje anna enn det var kjærasten sin. Lita Kirsten fann på eit ærend og sprang ut. Så kom den rette kjærasten inn og la seg med prinsen. Straks spurde prinsen steinen om den han låg med var møy.
«Ei hore med ein unge,» svara steinen.
Da prinsen høyrde dette, så blei han så sinna at han jaga kjærasten ifrå seg. Og dermed var den gleda ute.
Den neste dagen ville prinsen ut og fri igjen. Og så kom han til å fara forbi lita Kirsten som sat på ei tuve og pynta stakken sin med fjører.
«Kva gjer du nå da?» spurde prinsen.
«Eg set ei bot på mitt bak, for eg aktar meg til vinna kongsson av Engeland,» svara lita Kirsten.
«Du tarv ikkje tenkja på slikt,» sa prinsen og reiste sin veg.
Prinsen gjekk lenge og leita til han fann seg ein kjæraste. Men endeleg fann han ei som var makelaus fin: Og han lika ho svært. Ein dag kom prinsen kjørande heim med sin kjæraste, og i kongsgarden der blei stelt på gildeste vis.
Lita Kirsten kom og heim om kvelden. Og da ho trefte kjærasten, så fortalde ho at prinsen hadde i senga si ein stein som om natta kunne fortelja om den som han låg med var møy eller ikkje.
«Det blir gale for meg,» tenkte prinsens kjæraste som hadde to hore-ungar.
Så fekk lita Kirsten ein sølvstakk av kjærasten for at ho skulle liggja med prinsen om natta. Om kvelden la prinsen seg og straks etter kom lita Kirsten og og la seg ved sida hans. Men prinsen visste ikkje anna enn det var kjærasten hans.
«Er mi jente møy?» spurde prinsen.
«Så fri og rein som det klåraste vatn,» svara steinen. Da prinsen høyrde dette så låste han ei gullenke omkring halsen på lita Kirsten. Men ho fann straks etter på eit ærend og sprang ut. Så kom den rette kjærasten inn og la seg med prinsen som straks spurde om den han låg med var møy.
«Ei hore med to ungar,» svara steinen.
Da prinsen høyrde dette, så blei han så sinna at han jaga den kjærasten sin og.
Nå hadde lita Kirsten fått to gullenker og ein messingkjole og ein sølvkjole. Kjolane gøymde ho. Men lenkene fekk ho ikkje av seg, og derfor så veila ho dei inn med filler. Så reiste Kirsten bort og gjette som ho før hadde gjort.
Ennå ein gong ville prinsen ut og fri. Og da han var på reisa, så trefte han lita Kirsten igjen som sat på ei tuve og stelte med kråkestakken sin.
«Kva gjer du nå da, lita Kirsten?» spurde prinsen.
«Å, eg set ei bot på mitt bak, for eg aktar meg til å vinna kongsson av Engeland,» svara Kirsten.
«Du tarv ikkje prata om slikt,» sa prinsen og reiste sin veg.
Så kom prinsen til ei jente som var likså fin som dei han før hadde funne og vel så det. Den tok prinsen med seg heim og det var da den tredje kjærasten han kom med.
Da lita Kirsten kom heim om kvelden, så fortalde ho det til kjærasten at prinsen hadde i senga si ein stein som om natta kunne fortelja anten ho var møy eller ikkje, den han låg med. Da kjærasten høyrde dette, så blei ho heilt forskrekka for ho kom i hug dei borna ho hadde, og det var ikkje mindre enn tre stykke.
«Vil du liggja med prinsen i staden for meg i natt, skal du få ein fin gullkjole av meg,» sa prinsens kjæraste til lita Kirsten.
«Det skal nok vera råd til,» sa lita Kirsten. Ho fekk da gullkjolen, og med den i handa hoppa ho glad av stad i frå kjærasten.
Seint om kvelden la prinsen seg, og straks kom lita Kirsten og tuslande inn og la seg ved sida hans. Men prinsen visste ikkje anna enn det var kjærasten hans. Nå spurde prinsen steinen igjen om den jenta som han låg med var møy eller ikkje.
«Så fri og rein som det klåraste vatn,» svara steinen. Da prinsen høyrde
slikt reint svar, så tok han ei svær gullenke og låste omkring halsen på Kirsten. Nå blei lita Kirsten glad. Ho hoppa opp or senga og så sa ho det til prinsen at ho hadde gløymt å låsa att eit skap. Og dermed sprang ho på døra. Så kom den rette kjærasten inn og la seg med prinsen.
«Er den som ligg med meg møy?» spurde prinsen.
«Ei hore med tre ungar,» svara steinen. Over slikt svar blei prinsen både så sinna og forfæld at han jaga den tredje kjærasten og ifrå seg.
Ein dag skulle lita Kirsten ut i hagen som høyrde til kongsgarden og planta blomar. Prinsen kom og ut i hagen og ville sjå. Lita Kirsten hadde alle gullenkene omkring halsen. Men ho hadde veipa filler omkring for at ingen skulle sjå dei. Medan prinsen gjekk i hagen, så prata han og heldt galskap med Kirsten. Og best som det var, puffa han til ho så at fillene datt av gullenkene som ho bar omkring halsen. Da prinsen såg dei, blei han heilt forundra og spurde kvar ho hadde fått slike svære gullenker.
«Dei har eg fått av deg for dei tre gongene eg har lege med deg,» sa lita Kirsten.
«Har du lege med meg tre gonger, så skal du og få liggja den fjerde og,» sa prinsen.
Nå tok lita Kirsten på seg messingstakken og sølvstakken og gullstakken som ho hadde fått. Men før hadde ho ikkje tort syne dei eller hatt dei på seg. Prinsen tok da lita Kirsten til si brur. Så heldt prinsen og lita Kirsten gjestebod, og folket i det gjestebodet åt og drakk det dei orka og levde på beste herrevis.