Jeg fortsetter med «saue fortellinger» hver mandag. Denne gangen er sauen et element i fortellingen. Fortellingen er innsamlet i Hallingdal, Buskerud
Kilde her.

Ola Haga eller Hagamannen frå Hera i Gol og Storrussen – ein innflyttjar som seinare for til Amerika – var tvo lystige sellar, og vittige var dei med, so dei kom langt upp mot Munkhausen og Mark Twain. Men båe vilde gjerne vera størst.

Ein gong var dei i eit gjestebod nede på Modum. Då var det ein kaptein Lund som gjerne vilde ha dei til å fortelja skrønor.
«Du Ola Haga har vel vore ute for ymse rart, du, i lyd og lag?» sa han. «Å ja, e ha no dæ mæ,» svara Ola. Ei gong va e i eit danselag i Haugsund. Då gjorde e eit hallingkast o va so høgt at e såg ein mehank gjeispa i kyrkjetårnet på Branes, o då e kom ne att datt e 3 alni ned gjenom jore». – «Slikt har kje du vore ute for?» segjer kapteinen til Storrussen. «Å nei, men dæ va no ei gong e va i ein dans på Høvtuni o der gjorde e eit stemplakast so e såg dæ rauk or alle peispipo i Haugsund. Sea gjorde e eit hallingkast te, o då såg e dæ rauk endå lenger sø.»

«No laug du!» sa Hagamannen, nokso furten og so gjekk han.
Frå Høvtun til Haugsund er det vel ein 12-14 mil.
Storrussen fortalde um ein fisketur til Røungen.

Då han kom ned til vatnet, vart han var ei låg – eit gamalt nedfalle tre som låg utetter frå land. Han gjekk utetter på denne lågi so han kunde få slengt fiskesnøre på djupt vatn. Men han hadde ikkje stått der langt belet før lågi tok til å røre på seg og hive seg både hit og dit, og sleip var ho og. Han hadde ei øks i beltet og no drog han fram øksi og hogg ho i lågi – som han trudde det var. Men då tok lågi til å lea seg og symja burt etter vatnet. Det var ingi låg, men ein kjempestor fisk – ei tryte må tru.
Storrussen heldt traust tak i økseskaftet, for øksi stod i fisken tett bak øyro og no bar det i rivande fart burt etter Røungen. Då fisken kom fram til det andre landet, sette han beint på og tok vettrevegen. Storrussen sprang av her og miste øksi. Eit stykkje inne på vettrevegen møtte tryta fyrst 6 sauer og so ein bjøllesau, og dei slukte han, alle saman, men bjøllesauen, som han tok sist fekk han i rangstrupen, so han rauk i range og tok til å kaste upp. Fyrst kom alle sauene att, so kom eit stort fylgje med valdrisar som hadde vore burte sea Kristianiamarknaden året fyreåt, og til slutt kasta fisken upp ein hest med mosalass, som hadde vore sakna like lenge som valdrisane. «O e» (Og eg) slutta Storrussen, «kom just passe te å velta mosalasset på meiane att.»

Hagamannen fortalde ein gong til lensmann Olsen på Nes, at då han ein ettermiddag um vinteren kom køyrande heim-etter med ei tømmervende møtte han ein skrubb som vilde eta han. «Men som heldet var so fekk eg høgre handi ned i svelget på han og dermed rengde eg han og let han gå.» – «Såg du noko til denne skrubben seinare?» spurde lensmannen. «Ja, eg såg ‘n ein gong til og då var ‘n begynt å hye seg – ja han var dugeleg loen på vrangsia,» svara Hagamannen.