Det var ein gong tre søstrer som gjekk i lag. Best i senn dei gjekk, fekk dei sjå ein gullring. Så visste dei ikkje kven det med rette var av dei som hadde funni ringen. Så samrådde dei seg om at ho som med guten sin først narra nokon og gjorde det likast, skulle ha ringen.
Så ser ei av dei at det kjem nokon. Så får ho guten sin til å leggje seg i eit saueskinn under buret og søykje som ein hund. Guten så gjorde, men det lykkast ikkje.
Den andre som hadde sett folk borti vegen, narra sin gut til å springe ut naken og rope at kleda hans var så fine at dei såg dei ikkje.
Da folket fekk sjå han, snudde dei seg om og gjekk sin veg.
Tredje veikja la guten sin på likstrå.
Da det lei på dagen, kom det ein gut og fekk sjå det. Og da han fekk sjå kjærasten hennar låg på likstrå, bad han henne om å få bli guten hennar i hans stad.
Med di så hadde ho narra likast og vart eigande gullringen. Men at det var vakkert gjort av henne, det skal enno vera usagt.