Gudstenesta til dei døde
Innsamlingssted: Salten, Nordland
Ukjent informant
Samler: Ragnvald Mo
Dei døde hadde si samling i kyrkja før rette tenesta tok til. I vissa heldt dei den skikken kvar juledagsmorgon.
Det var i den gamle tid, alt med kyrkja var standande på Saltnes. Då var det ei kjerring frå Vik som var på veg åt kyrkja grytidleg ein juledagsmorgon. Dentid ho var på Halsmoen, vart ho vis det var tendt lys i kyrkja. Ho kom no tanke om ho var seint ute, så ho skunda på for å koma til tide.
Ja, ho kom åt kyrkja og gjekk inn, og som ho for innetter golvet, såg ho det sat fullt i alle stolar. Ho fann seg fram til den stolen folk frå Vik hadde, og sette seg der i breidd med ei onnor.
Det fyrste ho kom i stolen, vart ho sitjande urlite og sjå seg rundt, mot dei andre som var samla inne. Somme av dei fekk ho kjenning på, andre ikkje. Men alle ho visste å dra kjensel på, var folk som var døde. Så vende kjerringa seg mot henne ho var sitjande i lag med. Ho hadde no sett seg slik dei såg einannan i ausyna. Det var ei grannkjerring, såg ho; men ho var død ei tid føreåt.
Før kjerringa fekk tankane for seg, tok den døde til å tala åt henne. «Eitt vel e be de; du må sjynn de or kjerko, helles gå da de inkj vel.» Kjerringa kom seg or stolen og la av utetter kyrkjegolvet.
Men i det same tok dei til å skri fram or stolane og søkte etter kjerringa. Og då ho skulle ut døra, hadde dei tak om yter- klean hennar. Det var ei kappe ho hadde over seg, ei av desse som er fri for ermar. Og no var kjerringa snar å løysa opp spennet som heldt kappa. På det viset berga ho seg.
Ønsker du å ta et fortellerkurs, mer info her.
Du kan kjøpe en fortellerbok, info her.
Ønsker du oppdaterte nyheter om muntlig fortellerkunst, kan du melde deg på nyhetsbrev her.