Samler: R. Løland
Det var ein gong ein bjørn og ein rev som følgdest og skulle vera gode vener. Så la dei seg ein dag til å sova frampå eit høgt fjell. Reven låg fremst og bjørnen oppkring. Men då bjørnen vel hadde sovna, lurde reven seg opp og la seg på øvre sida. Og så sette han i og ropa:
«Tukka deg, tukka deg, elles så fer eg utfor.»
Bjørnen tukka seg litt og trudde han flytta seg lenger inn på fjellet. Men så ropa reven opp att:
«Tukka, deg, tukka deg, ellers så fer eg utfor.»
Bjørnen flytta seg då endå lenger, og før han visste ordet av, for han ut over kanten på fjellet. Men i det same hogg han eine framlabben fast i den eine bakfoten på reven og vart hengande og reven kunne korkje dra bjørnen opp att eller få foten sin laus, så det stod om livet for han og. Så ropte han:
«Hogg i fot, hogg i fot, og ikkje i bjørkerot! – så skal eg dra deg opp att!»
Bjørnen trudde då at det var ei rot han hadde hogge seg fast i, og han fekk i det same auga på ei bjørkerot tett attmed, som han trudde var revefoten. Så sleppte han foten og hogg i rota. Men ho slitna med ein gong, og bjørnen datt utfor og slo seg i hel.