Den tolvte fortellingen tolvte desember – hodet

0
116

Jeg har de siste dagene ikke skrevet noe om ”sminkekalenderen” fordi det ikke er noe å skrive om. Kalenderen har en forkjærlighet for lipgloss og glitrepudder som for meg ser helt like ut. Skjønt jeg fikk en neglelakk, fin farge tenkte jeg, tok den på meg, og så skulle jeg vaske hendene og neglelakken bare rant av. Jeg kikket nærmere på flasken og der står det: ”Nail polish – peel off”. Den skjønner jeg ikke, hva er poenget med en neglelakk som skal falle av? Dette er sikkert en informasjon jeg har gått glipp av med årenes løp, så om noen har vettug forklaring tar jeg gjerne i mot.

Fortellingen i dag er en favoritt, det Ivar Aasen som har samlet den inn i 1846 i Nordland. Her kommer den i sin fulle blomstrende dialekt.

Manne-Hausen 

I gamle Dagar var dat Sed og Viis i Bygdi, at alle Mann skulde vera i Gjestebod um Joledagskvelden, naar dei var komne fraa Kyrkja; – daa skulde ingen sitja heime aaleine; anten skulde Mannen bjoda Gjester til seg, elder skulde han sjølv vera Gjest hjaa ein Granne elder ein Kjenning einkvarstad.
Daa var dat eingong ein Mann, som var ved Kyrkja, og som hadde ventat paa, at han skulde verda beden til Gjestebods; men so hadde dat lagat seg so meinslege, at dat var ingen som tenkte paa han elder kom i Hug te bjoda han til seg. «Aa d’er no inkje verre med di,» tenkte Mannen, «naar ingen vil bjoda meg, so lyt eg sjølv bjoda einkvar; eg maa no vel sleppa aa fara heimatter einsaman.»

So gjekk han ikring og leitade upp ymise Kjenningar og bad dei gjera so væl og fylgja honom heim; men dat gjekk ikje betr en so, at han kom allstad for seint; for daa var dei bedne alle ihop, so dat var ingen atter, som kunde fylgja honom.

Daa vard Mannen baade harm og leid, og visste daa inkje kvat han skulde finna paa, og medan han daa gjekk dar og dreiv ikring paa Kyrkjegarden, so kom han til aa spenna burt i ei gamall Hovudskaal, som laag dar so midt fyre Fotom; for dat hender ofto, naar eit Liik er nedsett, at ein gamall Haus kann vera uppkastad og koma til aa liggja i øvste Tromen i Moldi. «Kom du daa, naar ingen annan vil,» sagde Mannen, med same han saag Hausen. Daa lettade Hausen seg upp ifraa Marki og foor og sveiv kringum Mannen liksom ein Fugl, og so fylgde han Mannen heimatter fraa Kyrkja, og sidan var han med honom baade heime og burte, og baade paa Sjø og Land; kvarhelst Mannen kom, so var Hausen ogso komen og foor dar og sveiv kringum han.
Ein Gong daa Mannen var i Skogen, daa høyrde han, at Hausen log, og Mannen spurde, kvat han log aat, men han fekk inkje Svar. Ein annan Gong var Mannen i Kyrkja, og daa var dat like eins; dat var endaa, medan Presten stod paa Stolen og var midt i Talen sin; daa høyrde Mannen at Hausen log, og sidan spurde han, kvat han hadde lætt aat, men daa var dar korkje Ord elder Ande te høyra. Og sidan so gjekk no Tidi, som ho plar ganga: dat vard Sumar, og dat vard Vinter, og sistpaa kom Joli. Daa Jolaftan var komen, so gjekk Mannen ut i Skymingi og sette Kross paa Dyrrerna paa Fjos og Løda og paa alle hine Husi; og daa Mannen hadde sett siste Krossen paa Løda, daa log Hausen ein stor Laatt. «Dan som var so viis, at han visste, kvat du lær aat,» sagde Mannen. Daa tok Hausen til aa tala og sagde, at no skulde Mannen faa vita dat, som han vilde; for no skulde dei snart skiljast aat. Mannen sagde, at dat var mangt, han hadde Hug te vita, men fyrst og fremst vilde han høyra, kvat dei tri Laattarne skulde tyda.

«Dat skal eg segja deg,» svarade Hausen; «fyrste Gongen eg log, dat var i Vaar, daa du var upp i Skogen og hogde ei Bjørk, daa rivnade dan eine Skoen din sund, og du visste ikje onnor Raad en te grava kringum Bjørkeroti og riva upp ei Taag te binda ihop Skoen med, so myket han skulde hanga paa Foten, til dess du kom heimatter. Hadde du daa visst dat, som eg visste, so hadde du gravet noko-litet lenger ned; for dar stod ei stor Pengekista innunder Roti med so myket Gull og Sylv i, at du kunde kaupt heile Bygdi og nokra Bygder til fyre dat, og daa hadde du sloppet aa ganga i slike Skoer, som ein skal binda ihop med Bjørketæger. Daa laut eg lægja aat di, at Mannen kann vera so stuttviis, at han inkje skal sjaa Lukka si, naar ho er so nær, at han turfte inkje meir en berre snu seg aa retta ut Handi og taka henne fast. – So var dat dan andre Gongen; dat var, som du veit, ein Sundag i Sumar, daa du var ved Kyrkja; daa saag eg ogso nokot, som inkje du saag. Dat var daa Aalmugen var innkomen, og Presten tok te tala, daa kom han Gamle-Eirik og sette seg utar ved Dyrrstokken og hadde med seg eit stort Kalvskinn te skriva paa, og so skreiv han upp alle Trollkjerringarne, som var inne. Men so var dei so manga, at dei fekk ikje Rom paa Skinnet, og so beit han i Jadrarne paa Skinnet og skulde tenja dat ut, so myket dat kunde verda stort nog; og best som han heldt paa soleids og tøygde og tande, so var dat ein Gong, at Skinnet glapp ut millom Tonnom so daattelege, at han slog Nakken att i Veggen, so dat vard ein stor Smell. Daa laut eg rett lægja, og daa hadde du ogso lætt, naar du hadde komet te sjaa dat. – So var dat dan tridje Gongen eg log; dat var no i Dag, naar du sette Krossar paa Veggjerne; daa log eg aat alle Smaatrolli, som laut røma undan fyre Krossmerket. Dat saag ut mest som dat hadde voret store Flokkar med Rottor og Skinnvengjor, som kom rynjande ut or Husom, og dat smatt og smaug igjenom alle dei Glugg og Glyfser, som i Veggen var. Du kann tru, dat var fiint Fylgje, som hadde teket seg Herbyrgje i Husi dine til Helgi, men so fekk dei ogso Byr undan Bakken, so myket dei laut til aa smaaskunda seg og smetta seg av og høyra etter Hus paa ein annan Stad. Og no er dat fritt og fredelegt i alle dine Hus, so dar er inkje te ottast, korkje fyre Folk elder Fe. – Men no heve eg inkje Tider te tala meir med deg; for no er dan Tidi komi, daa eg skal vera paa ein annan Stad, og darmed skal du hava Takk fyre Laget.»